Etter ei ombygging til 35 mill kroner vil «Midøy Viking» i byrjinga av februar setje kursen mot Marokko. Båten skal fiske under marokkansk flagg.
Øyavis,
Januar 2006
Samarbeidsprosjekt
Sjøvik AS har lang erfaring med fiske i ulike verdsdelar. Dei har i lang tid jobba med eit prosjekt i Vest Afrika der det er rike fiskeforekomstar. Både båtar frå EU og andre land fiskar i dag i dette området.
-Forskjellen på vårt og andre prosjekt er at vi skal fiske under marokkansk flagg. Vi skal eige halvdelen i selskapet som skal eige og drive aktiviteten. Resten står marokkanske interesser bak, opplyser Sjøvik.
Sjølve prosjektet og sal av fisken skal skje frå hovudkontoret i Midsund. Men det blir ein eigen administrasjon i byen Dakla. Her vil midsundingen Julian Vangen Leirvik vere ansvarleg.
Omfattande ombygging
For å få ein eigna båt til dette fisket, har «Midøy Viking» den siste perioden vore gjennom ei omfattande ombygging ved Solstrand Verft i Tomrefjord. Heile hekken og trålutstyret er renovert. Fabrikken og fryseriet er bygd om og rom- og frysekapasiteten er utvida, hovudmotoren er skifta og det er sett inn ein ny maskin på 5000 hk. Og elektronikk og utstyr i rorhuset er fornya. Båten vil etter ombygginga ha ein frysekapasitet på 120 tonn per døgn. I tillegg er båten utstyrt med RSW tankar.
Lokal aktivitet
«Midøy Viking» skal i utgangspunktet hovudsakleg fiske på kjente fiskeslag. Det vere seg makrell og hestmakrell. I tillegg skal det fiskast sardinella, ein type «storsild» og sardin, ein fisk som er mykje større enn den sardinen vi kjenner frå våre farvatn.
Etter planen skal all fisken leverast fersk til mottaksanlegg i Dakla. -Vi har alt eit fryseri, men dette skal utvidast med ein ny fabrikk der fisken kan fileterast. Det betyr at vi den første perioden må fryse råstoffet om bord, seier Sjøvik.
All fisken skal gå til konsum. Det er berre avskjer som går til mjøl og olje.
Dei fleste tilsette på land vil bli afrikanarar. Det same vil vere om bord i «Midøy Viking». Nøkkelpersonellet om bord vil vere norsk.
-Vi er svært fokusert på at verksemnda skal vere med å skape lokal aktivitet og bidra til å utvikle Marokko, seier Sjøvik.
Omstridt område
Vest Sahara, der Sjøvik skal ha sin base, er eit omstridt område. Det var spansk koloni fram til 1975. Vest Sahara har aldri vore ein sjølvstendig stat, og området vert i dag styrt av Marokko. Polisario, ein militant frigjeringsbevegelse, kjempar for sjølvstyre for Vest Sahara.
-Eg meiner det vi gjer i Vest Afrika er heilt uproblematisk, seier Sjøvik -Vi har fokus på å skape arbeidsplassar og utvikle fiskeriaktiviteten på landet sine eigne premissar. Vi hadde ikkje engasjert oss i dette prosjektet om vi ikkje var sikre på at dette bidreg til ei positiv utvikling av Marokko, både med omsyn til fangst og landindustri, seier Sjøvik.
Han opplyser at UD er orientert om planane.
Det norske utanriksdepartementet har ingen innvendingar mot Sjøvik sitt engasjement i Vest Sahara. Det er ikkje i strid med korkje norske eller marokkanske lover, ei heller i strid med FN sitt arbeid for å finne ei løysing på Vest Sahara-konflikten. Det er seniorrådgjevar Liv Kristensen i Midtøstenseksjonen i UD som stadfestar dette overfor Fiskaren.
- Formelt er det ingen problem med å engasjere seg slik Sjøvik har planlagt. Det er i dag ingen FN-sanksjonar som hindrar dette, seier Kristiansen til Fiskaren
To nye nordmenn som skulle lære om Marokkos folkerettsstridige energiprosjekter i okkuperte Vest-Sahara, ble i ettermiddag anholdt av marokkansk politi og deportert fra territoriet.
25 marokkanske politifolk møtte opp i dag for å kaste to nordmenn ut av okkuperte Vest-Sahara. De to reiste for å lære hva saharawiene mener om Marokkos folkerettsstridige fornybarsatsning på okkupert land.
Det norske rederiet Green Reefers leverte i forrige uke frossenfisk til Russland som er fanget i okkuperte Vest-Sahara i strid med folkeretten.
En gigantisk seier for det saharawiske folk. Nå er det kroken på døren for EUs folkerettsstridige fiskeri- og handelsavtaler i okkuperte Vest-Sahara.