-Håpar vi kan få det slik
Article image
- Vi har i dag sett eit avansert og godt utvikla skulesystem, og vi kan berre håpa at vi klarar å få det på same måte i framtida, seier ein tydeleg imponert Mamoudi Jidina Bechraya, guvernør i flyktningleiren Smara i Algerie, men opprinneleg frå Vest-Sahara, etter besøket på Brekke skule torsdag. Fra avisa Nordhordland, 22. feb. 2007.
Publisert 22. februar 2007


Nordhordland, 22. feb. 2007
Av Endre Hopland

Mamoudi Jidina Bechraya, guvernør i landsdelen Smara i Vest-Sahara og landsmannen Yahiaoui Lamine var på besøk på Brekke skule torsdag, og let seg imponera over det moderne skulesystemet. Her betraktar dei to elevane sine sløydarbeid saman med Arild Bergstrøm frå United World College.

Dei som klagar på slitte skulebøker og gamle pultar i den norske skulen, skulle absolutt vore med ordførarane i Hafs Regionråd og deira to gjestar frå Vest-Sahara på omvisning på Brekke skule torsdag føremiddag. Ikkje fordi Brekke skule ligg dårleg an i løypa, men for å oppleva ekte forbausing over kor fine forhold skuleelevar kan ha.

Brekke skule er ikkje den mest moderne skulen i verda, men elevane har alt dei treng, og får både god undervisning frå godt utdanna lærarar og den riktige oppføljinga. Guvernør Bechraya fortel at han er direkte imponert over heile systemet.

- Å skapa så gode forhold i tøff natur er imponerande. Skulesystemet er svært avansert og garantert godt for elevane, seier Bechraya, gjennom politisk representant og tolk, Yahiaoui Lamine.

- Gamaldags system
Vest-Sahara har vore okkupert i ei årrekkje. Først av Spania, og dei siste 30 åra av Marokko. Landet består i grove trekk av ei rekkje flyktningleirar, og det er lite rikdom å spora. Men innbyggjarane har mat og vatn, arbeid og obligatorisk skulegong for alle ungar, sjølv om det slett ikkje er nokon moderne skule ungane har å gå til.

- Vi har eit gamaldags og lite utvikla skulesystem, med opptil 600-700 elevar på kvar skule, og 40 elevar i kvar klasse. Vi har heller ikkje så mange skulebøker, så det meste av undervisninga skjer på tavla, forklarar guvernør Bechraya ovanfor nh.

Han og landsmannen Lamine er for tida i Norge for å diskutera eit samarbeid mellom Vest-Sahara og Hafs-kommunane, deriblant Gulen.

Tvillingskule i Zambia
Torsdag tok Brekke-rektor Bodil Bjørlo Takle med seg delegasjonen av ordførarar og gjestar på omvisning på Brekke skule. Her fekk gjestane mellom anna sjå skulekjøkkenet, sløydsalen, gymnastikksalen og korleis klasseromma er lagt opp for gruppearbeid.

Bechraya er usikker på om noko slikt ville gått an å få til i heimlandet sitt no, men fortel at han berre kan håpa på at det går an i framtida.

Brekke skule har også ein tvillingskule i Livingstone i Zambia, og elevane på dei to skulane brevvekslar jamleg seg imellom. På Brekke har nokre elevar laga til elevbedrift, der 20 prosent av alt overskot går til tvillingskulen i Zambia. Håpet er at dei også ved denne skulen skal få etablert ei bedrift, som kanskje kan gi arbeidsplassar også etter skulen er ferdig.

- Interessant
Det som var ekstra interessant å høyra om for dei langvegsfarande gjestane, var ordninga Brekke skule har når det gjeld samanslåing av klassar. Som på så mange andre små skular i lande vårtt, er det på Brekke fleire klassetrinn i kvar klasse. I Vest-Sahara er dette neppe noko godt alternativ, då klassane er store nok som dei er. Men dei to representantane frå landet synest likevel dette var ei god løysing for stader med få folk.

- Hadde vi hatt meir ressursar, ville vi nok prøvd å få mindre klassar og fleire lærarar, seier guvernør Bechraya, og nyttar samstundes høvet til å skryta litt av Norge.

- Det har vore eit veldig bra besøk for oss. Alle har tatt imot oss med opne armar og stort hjarte, og vi har fått læra mykje interessant, seier han.
Nyheter

To nordmenn deporteres nå fra okkuperte Vest-Sahara

To nye nordmenn som skulle lære om Marokkos folkerettsstridige energiprosjekter i okkuperte Vest-Sahara, ble i ettermiddag anholdt av marokkansk politi og deportert fra territoriet.

04. november 2024

Her deporteres nordmenn fra okkuperte Vest-Sahara - ville lære om fornybarenergi

25 marokkanske politifolk møtte opp i dag for å kaste to nordmenn ut av okkuperte Vest-Sahara. De to reiste for å lære hva saharawiene mener om Marokkos folkerettsstridige fornybarsatsning på okkupert land. 

02. november 2024

Green Reefers fra Haugesund hjelper russerne med å plyndre Vest-Sahara

Det norske rederiet Green Reefers leverte i forrige uke frossenfisk til Russland som er fanget i okkuperte Vest-Sahara i strid med folkeretten.

16. oktober 2024

Saharawiene vant over EU i EU-domstolen

En gigantisk seier for det saharawiske folk. Nå er det kroken på døren for EUs folkerettsstridige fiskeri- og handelsavtaler i okkuperte Vest-Sahara.

07. oktober 2024