Fridom for saharawiane!
Article image
Landsstyret i Norsk Målungdom ynskjer å stø saharawiane i kampen for nasjonal sjølvråderett og fridom frå okkupasjon. Folket i Vest-Sahra lever i dag i konstant frykt for vald frå dei marokanske styresmaktene. Les fråsegn vedteke av Norsk Målungdom sitt landsstyremøte, 9. september 2007 her.
Publisert 18. september 2007


Vedteke av Norsk Målungdom, 9. sept 2007.

Dei språklege og kulturelle rettane til saharawiene vert dagleg brotne, og det er innført pressesensur på saharawisk media. I tillegg er historieforfalskingar i marokkanske lærebøker og politisering av moskeer og skular med på å forteia og fortrengja saharawisk historie og kultur. Landsstyret i Norsk Målungdom krev at den retten saharawiane har til sjølvråderett og sjølvstende vert respektert, og at den kulturelle identiteten deira vert verna om.

Saharawiene snakkar den arabiske dialekten hassanya, som skil seg vesentleg frå den marokkanske formen for arabisk. Det vert ikkje undervist på hassanya i skulane, og elevar som snakkar hassanya i klassen vert trakasserte. Mange saharawiar har frå barneskulen og oppover vore tvungne til å avstå frå å snakka språket sitt, og dei har skjult den etniske bakgrunnen deira for å unngå å verta diskriminerte av styresmaktene.

Størstedelen av landet Vest-Sahara har vore okkupert av Marokko sidan 1975. FN krev at Vest-Sahara skal verta avkolonisert, og handsamar det som det siste uløste kolonispørsmålet i Afrika. Dei siste åra har saharawiene vorte i mindretal i sitt eige land. Store delar av det saharawiske folket lever i eksil, og dei har oppretta ein republikk med ein demokratisk valt regjering som held til i Algerie. Denne republikken har hittil vorte godteke av meir enn 90 statar i verda.

Saharawiane som bur i dei okkuperte områda av Vest-Sahara er ofre for daglege overgrep frå marokkanske styresmakter, og dei vert diskriminerte av ulovlege busetjarar. Særleg gjeld dette politisk aktive studentar og ungdomar i byane i Vest-Sahara, og på lærestader i Marokko.

I mai i år vart fleire universitetsområde i Marokko storma av politiet. Saharawiske studentar vart plukka ut på bakgrunn av språket dei snakka, og anten banka opp på staden, eller pågrepe. Fleire saharawiske studentar har sidan mai vorte utviste frå lærestadene sine. Fleire har vorte dømt til opp til 8 års fengsel etter å ha teke del i fredelege demonstrasjonar for sjølvråderett for saharawiane.

Landsstyret i Norsk Målungdom appellerer til den norske regjeringa om å taka opp jamnleg kontakt med marokkanske styresmakter om situasjonen til det saharawiske folket, slik at rettane dei har til eige språk og kultur vert sikra. Regjeringa må bidra til å styrkja forhandlingsposisjonen til saharawiane overfor Marokko ved å godkjenna den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk.

Skal gå til:
• Statsminister Jens Stoltenberg
• Utanriksdepartementet
• Aftenposten

(Foto: www.berserk-productions.no)
Nyheter

Alvorlig utvikling i okkuperte Vest-Sahara

31. oktober 2025 ble en ny resolusjon vedtatt i FNs Sikkerhetsråd som ber saharawiene forhandle om en løsning som innebærer at de skal inkorporeres i okkupasjonsmakten Marokko.

03. november 2025

Saharawiene demonstrerer mot Trump-forslag

USA foreslår i et møte i FNs Sikkerhetsråd på torsdag at okkuperte Vest-Sahara skal innlemmes i Marokko.

28. oktober 2025

Dette har vi fått til!

Vi er en liten forening, men har fått store gjennomslag. 

27. oktober 2025

Skretting Turkey villedet om bærekraft

Det delvis norske fôrkonsernet innrømmer bruk av fiskemel fra det okkuperte Vest-Sahara. Selskapet ble nødt til å fjerne en feilaktig henvisning til et bærekraftssertifikat fra sine nettsider.

27. oktober 2025