Klassekampen: "Vi har lite å være stolte over i Vest-Sahara"
Klassekampen kommenterer Vest-Sahara i dag.
Publisert 30. januar 2016


Kommentaren nedenfor sto på trykk i Klassekampen, 30. januar 2016.


Saharawi
Dersom ein norsk statsråd reiser til Nord-Noreg (og det ikkje er for å kaste ut syriske flyktningar i førti minusgradar), kan du vere ganske sikker på at hen legg ut eit bilete av seg sjølv saman med diktstrofene «Det er langt dette landet/ Det meste er nord» av Rolf Jakobsen. I Marokko er det motsett: Det meste er sør – faktisk strekkjer Marokko seg så langt sør at du etter ei stund kjem til Vest-Sahara. Eller okkupert Vest-Sahara, då. Om lag 18 timars busstur frå Marrakech (ta med varme klede, det er kaldt i ørkenen om natta) kjem du til hovudstaden El Aaiún (ta med tynne klede, der er varmt i ørkenen på dagen). Ein støvete og ganske stygg by med marokkanske flagg absolutt over alt.

Men før du kjem til El Aaiún, støyter du på noko rart: Ei grense som ikkje er ei grense. Marokkanarane insisterer på at okkupert Vest-Sahara er deira lovlege område. Dermed finst det inga grense. Pussig nok dukkar det likevel opp ei bu midt i ørkenen. Der må du vise fram passet ditt og fortelje kva du skal gjere. Sannsynet for at du blir sendt tilbake er ganske stor. Men det er ikkje ei grense, altså. Og han fyren som traskar seks meter bak deg gjennom heilt El Aaiún er ikkje frå det hemmelege politiet. Du kan tenkje på han som ein fan.

Sist veke blei ei rekkje norske ungdomspolitikarar kasta ut av okkupert Vest-Sahara. Denne veka vitja LO-leiinga dei saharawiske flyktningleirane i Algerie. Men den raudgrøne regjeringa gjorde ikkje stort for å sikre det saharawiske folket sin fridom. Og den blå regjeringa følgjer same spor. Vi har lite å vere stolte over.

Eit av verdas største landminefelt. Hundretusenvis på flukt. Folk i hemmeleg fengsel. Mangel på ytringsfridom. Også du, då. Og eit stort, marokkansk flagg.

Jens Kihl
Nyheter

Rettssak i gang etter politisk attentat mot Støttekomiteens partner i Danmark

En rettssak har startet i København mot fire menn som er tiltalt for å ha stått bak brannbomben mot kontorene til vår danske partner Global Aktion i januar 2025.

15. juni 2026

Kommentar: Kultur er aldri nøytral på okkupert land

Produsenten bak TV-seriene Exit og Lilyhammer, Anders Tangen, sier det ikke er politikk å delta på festivaler arrangert av okkupasjonsmakter på okkupert land.

09. juni 2026

Filmfestival sensurerer saharawiske røster

Den marokkanske filmfestivalen Dakhla International Film Festival sletter i et rasende tempo kritiske kommentarer fra sine sosiale medier.

08. juni 2026

Her hylles filmprodusent Anders Tangen på propagandafestival i okkuperte Vest-Sahara

Filmprodusent Tangen sto på scenen i okkuperte Vest-Sahara i går, med bilde av den marokkanske kongen, omkranset av marokkanske flagg. “Vi fordømmer Tangens støtte til okkupasjonen av Vest-Sahara”, sier Støttekomiteen for Vest-Sahara. 

07. juni 2026