Firdarussen hadde revy i februar. "For russen er det viktig å vise at vi ikkje berre driv med tull og fjas, og vel difor å la delar av overskotet gå til to viktige saker. Ein lokal og ein internasjonal, til støtte for folk som treng fridom frå overgrep i Vest-Sahara og i Sogn og Fjordane. Fjordabladet, 21. august 2012.
Fjordabladet
21. august 2012.
Pengesummane kanaliserast gjennom Støttekomiteen for Vest Sahara og Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Organisasjonane arbeider med saker som ikkje er so mykje oppe i media, og det var viktig for vårt val. Kvar av organisasjonane har difor fått 15 842 kroner.
- Okkupasjonen av Vest-Sahara fører daglig til alvorlige overgrep mot et forsvarsløst folk, uten at det får oppmerksomhet fra det internasjonale samfunn. Støtten fra Firdarussen er gledelig og viktig for arbeidet med å skape blest om konflikten og menneskerettsovergrepene, seier Erik Hagen, dagleg leiar i Støttekomiteen for Vest-Sahara.
- Dette er ikke bare en pengegave, men også et viktig tegn på solidaritet og støtte. Folket i Vest-Sahara kjemper en fredelig kamp for frihet fra undertrykkelse og okkupasjon. Hadde Norge vært okkupert, ville slike bidrag fra ungdommer fra fjerne himmelstrøk være verdt langt mer enn pengene, sier Hagen.
Støttekomiteen for Vest-Sahara er ein norsk organisasjon som arbeider for å fremje rettigheitane til folket i Vest-Sahara. Organisasjonen sprer informasjon om overgrepa frå marokkanske myndigheiter, og jobbar for at rettane til folket vert sett på dagsorden i EU, FN og i Oslo. Støttekomiteen jobbar ogso for auka internasjonal humanitær bistand til flyktningleirer i Algerie, der halvparten befolkninga i Vest-Sahara har flykta frå den marokkanske okkupasjonen.
Krisesenteret i Sogn og Fjordane er eit lågterskeltilbod der kvinner og menn, saman med sine born, anonymt, utan å bli mistenkjeleggjort, utan å bli overvaka eller sjukeleggjort kan søkje tilflukt for å berge liv og helse. På Krisesenteret er du trygg og du vil få den hjelpa du treng. Du kan vende deg til Krisesenteret utan timeavtale eller tilvisning frå lege eller andre instansar. Det finnes bortimot 50 krisesenter i Noreg. Alle som er utsett for vald i nære relasjonar har rett til eit krisesentertilbod.