Leserinnlegg av SAIH Blindern, i Universitetet i Oslo-magasinet Argument, nr. 5/2009.
Av Ingeborg Marie Østby Laukvik og Erik Schreiner Evans, Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).
Okkupasjonsmakt eller fredsnasjon?
Norske verksemder må ut av Vest-SaharaLast ned her (pdf).
Så skjedde det igjen. I slutten av september avslørte Norwatch at nok eit norsk selskap er med å finansiera Marokko sin okkupasjon av Vest-Sahara. Seismikkselskapet Petroleum Geo Services (PGS ), med hovudkontor på Lysaker, hadde kjøpt seg opp i det irske oljeselskapet San Leon Energy og tilført kapital som var nødvendig for å gjennomføra oljeleiting utanfor kysten av Vest-Sahara.
Plyndrar lokalsamfunnDen marokkanske okkupasjonen av Vest-Sahara er langt ifrå gratis. Tungt militært nærvær, utstrakt overvaking, ein tryggingsmur som er 2 200 km lang og omgitt av 2 000 000 miner og vaktpostar langs det heile kostar mykje pengar. Kostnadene vert dekka av at Marokko plyndrar det dei kan av naturressursar for sal på den internasjonale marknaden. Dei siste åra har dette vore fosfat og fisk. No har også olja gjort sitt inntog. I strid med Folkeretten leiger Marokko inn internasjonal kompetanse for å kartleggja oljeførekomstar for framtidig utnytting.
Dersom Marokko finn og klarer å vinna ut olje, vil dette gje nok ein stor motivasjon for å halda fram okkupasjonen og i endå sterkare grad undertrykka folket som bur i Vest-Sahara saharawiane. Menneskerettsbrota dette medfører er tilnærma uendelege.
Peiker på andreDet bergenske reiarlaget Gearbulk fraktar jamleg fosfat ut frå Vest-Sahara til kundar der dei måtte vera i verda. Dette forsvarar dei med den same argumentasjonensom reiarar gjorde då dei trassa den internasjonale boikotten og handla med Apartheidregimet i Sør-Afrika: Det er andre som kjøper og sel fosfatet Gearbulk berre fraktar det. Verksemda Fugro Geoteam frå Skøyen som skryt på nettsidenesine av at dei sponsar Universitet i Oslo sitt eige Naturhistorisk Museum, har også vore involverte i oljeleitinga utanfor Vest-Sahara.
UD let att augoNorske styresmakter si haldning til situasjonen er at dei råder selskap til ikkje å driva kommersiell verksemd i dei okkuperte områda. Dette er altså eit råd ikkje eit pålegg. Verksemdene sjølve står fritt til å velja om dei skal følgja rådet eller ikkje. Etter at skandalen var eit faktum, har PGS bede om at investeringa deira ikkje skal nyttast til leiting akkurat utanfor kysten av Vest-Sahara og Marokko. Andre verksemder har trekt seg ut tidlegare, men fleire held fram med plyndringa og fleire vil truleg koma til etter kvart.
I strid med Folkeretten leiger Marokko inn internasjonal kompetanse for å kartleggja oljeførekomstar for framtidig utnytting. Utanriksdepartementet har dei siste fire åra under Jonas Gahr Støre konsekvent nekta å omtala situasjonen som den okkupasjonen det er, men nyttar heller den meir diplomatiske merkelappen konflikt.
Årsaka til dette er truleg at Støre vil halda seg på godfot med franske styresmakter som også har store økonomiske interesser i Vest-Sahara. Ein kan undrast korleis Støre omtaler situasjonen i Noreg fyrste halvdelen av 1940-talet.
Treng kursendringDet er på tide å tenka nytt her. SAIH krev at norske styresmakter tek grep ovafor norsk næringsliv. Det er kanskje ikkje det beste for Støre sitt forhold til sine franske venner, men dersom Noreg skal ta sin ambisjon om å vera ein fredsnasjon på alvor, kan ein ikkje stå og sjå på at våre eigne selskap finansierer og deltek i okkupasjon av Vest-Sahara og den brutale undertrykkinga av saharawiane. Det er på tide at UD opprettar ein ombodsmann for norsk næringsliv sitt engasjement under slike og liknande forhold. Eit slikt organ må vera uavhengig og ha rett til innsyn i ulike verksemder og gjera etiske vurderingar av engasjementet deira. Dette har SAIH fremja krav om lenge, men Støre har så langt vald å venda det døve øyret til.
No går me i gang med ein ny fireårsperiode med Arbeidarpartiet ved roret i Utanriksdepartementet. Det er kanskje naivt å tru på særleg endring av kursen,
men det er jo lov å håpa.