Landsmøtet til Rød Ungdom 3-6 april 2014 krevde at FNs Sikkerhetsråd følger USAs tidligere forslag om å la MINURSO-operasjonen få rapportere på overgrepene i Vest-Sahara.
Uttalelsen under ble vedtatt av RU-landsmøtet 2014.
La verda få vite om menneskerettsbrota i Vest-Sahara
Gjennom 23 år har FN hatt fredsbevarande styrker i Vest-Sahara. Dette er ei av dei få styrkane i verda som ikkje rapporterer om brot på menneskerettar.
I den brutale okkupasjonen Marokko driv, er både vilkårleg fengsling og valdsbruk daglegkost for folket i Vest-Sahara. I fjor foreslo USA at MINURSO, dei fredsbevarande, styrkane skulle få plikt til å rapportere om brot på menneskerettar. Den gongen vart forslaget blokkert i Sikkerheitsrådet. Raud Ungdom håper at når mandatet skal behandlast igjen i april 2014, vil Sikkerheitsrådet ta dei folkerettslige pliktene sine på alvor.
Ein av dei største utfordringane for Vest-Sahara si frigjering er at det internasjonale samfunnet er altfor stille om undertrykkinga. At verda får vite om overgrepa den marokkanske staten gjer mot det saharawiske folket er noko av det viktigaste som skal til for å legge press på Marokko og dei støttespelarane dei har blant verdas stormakter.
Raud Ungdom krever at MINURSO får plikt til å rapportere om brot på menneskerettar!
Et datasenter på 500 MW for kunstig intelligens planlegges i det okkuperte territoriet.
Nesten ett år etter at EU-domstolen opphevet handelsavtalen mellom EU og Marokko for å inkludere det okkuperte Vest-Sahara, ser Brussel ut til å være klar for å teste grensene for folkeretten på nytt.
Så lenge PR-byrået arbeider for marokkanske næringsinteresser i okkuperte Vest-Sahara, bør selskapet nektes tilgang til de nordiske parlamentene, skriver foreninger i et brev.
Bergensrederiet trosser på ny det saharawiske folkets rettigheter og Utenriksdepartementets råd.