Noreg støtter Afrikas siste kolonimakt
Leserinnlegg av Ivar Jørdre i Bergens Tidende, 7. mars 2009.
Publisert 07. mars 2010




Bergens Tidende
7. mars 2009.
Leserinnlegg, Ivar Jørdre.

ELKOURIA AMIDANE og familien hennar har fleire gonger vorte arrestert,
torturert og trakassert i sin ikkjevaldelege kamp for sjølvstende og
menneskerettar i Vest-Sahara.

Amidane dokumenterer og spreier informasjon om overgrep mot menneskerettane i
Vest-Sahara.

Ho har samstundes klart å byggje eit internasjonalt nettverk, slik at verda kan
sjå kva som går føre seg i Vest-Sahara. Amidane vant Studentane sin Fredspris
2009 på Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT).

VEST-SAHARA vore okkupert av Marokko sidan 1975, då kolonimakta Spania trekte
seg ut. Motstandsrørsla POLISARIO, (dei noverande styresmaktene i delen av
Vest-Sahara som ikkje er okkupert) var i konflikt med Marokko til våpenkvila i
1991. Marokko har hindra ei FN-planlagd folkerøysting der saharaviane skulle
bestemme sjølvstende eller ikkje.

Eit internasjonalt næringsliv tek stadig del i utforskinga og utvinninga av
naturressursar frå området, ressursar som i følgje FN juridisk høyrer til det
saharawiske folk. Dette strider mot folkeretten. Norske selskap er òg involvert
i denne ulovlege utnyttinga.

I ALL LØYNDOM reiste eit gigantisk norsk forskingsskip til kysten av okkupert
Vest-Sahara. Det norske selskapet Fugro-Geoteam byrja før i år å leite etter
olje, i strid med FN og den norske regjeringa sitt råd. I romjula 2008 dreiv eit
frakteskip folkerettsstridig transport av fisk for den marokkanske
okkupasjonsmakta.

Båten er norsk og reiarlaget Atlantic RTI har stadfesta transporten. Dei seier
dei ikkje likar at båten deira er nytta i det okkuperte området. Då må dei vel
kunne halde båten sin vekke. Kunstgjødselgiganten Yara må svare for ulovleg
import av fosfat frå okkupert land.

FREDSPRISVINNAR AMIDANE har ved fleire tilhøve kritisert det norske og
internasjonale næringslivet som har engasjert seg for Marokko. Me i Noreg må
hjelpe henne ved å få våre styresmakter til å forby norske bedrifter å tene på
ressursane til eit okkupert folk, og ved å få oljefondet ut av slike selskap.
Nyheter

Ny rapport: Sertifiserte folkerettsbrudd

Internasjonale sertifiseringsstandarder dekker over Marokkos kontroversielle handel med fiskeri- og landbruksprodukter fra okkupert Vest-Sahara, dokumenterer ny rapport.

16. desember 2025

Nå: Skip ankommer Skretting på Averøy med last fra kontroversiell leverandør

Et fartøy med fiskemel ankommer i natt Averøy utenfor Kristiansund. Transporten åpner spørsmål om et hullete sertifiseringssystem. 

15. desember 2025

Ny rapport: Marokko grønnvasker okkupasjonen av Vest-Sahara

En ny rapport beskriver de massive - og dypt problematiske - prosjektene for fornybar energi som Marokko utvikler i okkuperte Vest-Sahara.

11. desember 2025

ASC trekker seg ut av okkupert Vest-Sahara

Sertifiseringsordningen avslutter samarbeidet med Azura Group og erklærer at ingen fremtidige sertifiseringer vil bli gitt til selskaper i det okkuperte territoriet.

05. desember 2025