Changemaker: Stans okkupasjonen av Vest-Sahara!
Article image
En uttalelse fra Changemakers landsstyremøte 9. oktober krever økt innsats fra norske myndigheter.
Publisert 12. oktober 2009


Teksten nedenfor ble i helgen vedtatt av Changemaker, Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon:


Stans okkupasjonen av Vest-Sahara!
Vest-Sahara har status som FNs siste uløste kolonispørsmål og blir ofte kalla Afrikas siste koloni. Landet vart frigjort frå spansk kolonistyre i 1975, men vart same år okkupert av nabolandet Marokko. Etter ein langvarig krig mellom Marokko og den saharawiske frigjeringsrørsla Polisario måtte 160 000 menneske flykte frå Vest-Sahara. Desse har no budd i flyktningeleirar i Algerie i 30 år og er heilt avhengige av bistand frå EU og FN. Denne situasjonen er uhaldbar og medfører grove brot på menneskerettane. Changemaker meiner at norske styresmakter bør auke det internasjonale fokuset på Marokko sine overgrep og arbeide for å få ein slutt på den ulovlege okkupasjonen.

Etter våpenkvila i 1991 har FN operasjonen Minurso hatt som mandat å gjennomføre ei folkeavstemming som følge av ein signert avtale mellom Marokko og Polisario. Ingen av forslaga FN har komme med har vorte aksepterte av Marokko. Samtidig støttar ikkje USA og Frankrike saharawiarane sitt krav om sjølvråderett, og det blir lagt lite internasjonalt press på Marokko. Å motarbeide ei folkeavstemming er i strid med folkeretten. Vest-Sahara er medlem av den Afrikanske Union og er anerkjent av cirka 70 land. Gjennom ei internasjonal anerkjenning får spørsmålet om Vest-Sahara auka status.

Norsk næringsliv speler ei aukande rolle i konflikta ved at dei driv verksemd i det okkuperte området og utnyttar ressursar i Vest-Sahara. UD frarår slik verksemd, men gjer ingen ting for å hindre det. Derfor er det opp til grasrota å rapportere kva norskeigde selskap gjer. Norske bedrifter er med på å legitimere okkupasjonen ved å stele ressursar frå Vest Sahara og finansiere okkupasjonsmakta Marokko. Ressursutvinning i ikkje-sjølvstyrte område er i strid med FN-Pakten og FNs Havrettskonvensjon.

For å stanse okkupasjonen av Vest-Sahara meiner Changemaker at:

  • Norge bør anerkjenne den saharawiske demokratiske republikken og arbeide for at andre land også skal gjere det.
  • Norge må legge press på Marokko for å gjennomføre ei folkeavstemming om sjølvråderett for Vest-Sahara slik FN har tilrådd sia 1991.
  • Norske selskap umiddelbart må trekke seg ut av Vest-Sahara.
  • Nyheter

    Ny rapport: Sertifiserte folkerettsbrudd

    Internasjonale sertifiseringsstandarder dekker over Marokkos kontroversielle handel med fiskeri- og landbruksprodukter fra okkupert Vest-Sahara, dokumenterer ny rapport.

    16. desember 2025

    Nå: Skip ankommer Skretting på Averøy med last fra kontroversiell leverandør

    Et fartøy med fiskemel ankommer i natt Averøy utenfor Kristiansund. Transporten åpner spørsmål om et hullete sertifiseringssystem. 

    15. desember 2025

    Ny rapport: Marokko grønnvasker okkupasjonen av Vest-Sahara

    En ny rapport beskriver de massive - og dypt problematiske - prosjektene for fornybar energi som Marokko utvikler i okkuperte Vest-Sahara.

    11. desember 2025

    ASC trekker seg ut av okkupert Vest-Sahara

    Sertifiseringsordningen avslutter samarbeidet med Azura Group og erklærer at ingen fremtidige sertifiseringer vil bli gitt til selskaper i det okkuperte territoriet.

    05. desember 2025