Changemakers årssamling vedtok i dag en uttalelse som krever at Norge legger press på Marokko for å få gjennomført folkeavstemningen om Vest-Saharas framtid.
Resolusjonen under ble vedtatt på Changemakers årssamling, 27. april 2014.
Stopp okkupasjonen av Vest-Sahara
Vest-Sahara har status som FNs siste uløste kolonispørsmål og blir ofte kalla Afrikas siste koloni. Landet vart okkupert av Marokko før den spanske kolonimakta trakk seg ut tidleg i 1976. Som følgje av den marokkanske invasjonen flykta halvparten av befolkninga i Vest-Sahara til flyktningleirar i Algerie. Der har dei no budd i over 30 år og er heilt avhengige av bistand frå EU og FN. Denne situasjonen er uhaldbar. Changemaker meiner at norske styresmakter bør auke det internasjonale fokuset på Marokko sine overgrep og arbeide for å få ein slutt på den ulovlege okkupasjonen.
Etter våpenkvila i 1991 har FN-operasjonen Minurso hatt som mandat til å gjennomføre ei folkeavstemming som følge av ein signert avtale mellom Marokko og Polisario. Ingen av forslaga Fn har komme med har vorte aksepterte av Marokko. Samtidig støttar ikkje USA og Frankrike saharawiarene sitt krav om sjølvråderett, og det blir lagt lite internasjonalt press på Marokko. Å motarbeide ei folkeavstemming er i strid med folkeretten. Vest-Sahara er medlem av den Afrikanske Union og er anerkjent av cirka 70 land. Gjennom ei internasjonal anerkjenning får spørsmålet om Vest-Sahara auka status.
Norsk næringsliv speler ei aukande rolle i konflikta ved at dei driv verksemd i det okkuperte området og utnyttar ressursar i Vest-Sahara. UD frarår slik verksemd, men gjer ingen ting for å hindre det. Derfor er det opp til grasrota å rapportere kva norskeide selskap gjer. Norske bedrifter er med på legitimere okkupasjonen ved å stele ressursar frå Vest-Sahara og finansiere okkupasjonsmakta Marokko. I tillegg er det norske Oljefondet investert i fleire selskap som har virksomhet i Vest-Sahara. Ressursutvinning i ikkje-sjølvstyrte område er i strid med FN-pakten og FNs Havrettskonvensjon.
For å stanse okkupasjonen av Vest-Sahara meiner Changemaker at:
Det norske rederiet BW Epic Kosan gjennomførte denne helgen en ny kontroversiell transport av gass inn til okkuperte Vest-Sahara.
De norske ungdomsapartiene var i forrige uke på besøk i de saharawiske flyktningleirene i Algerie
Brannstiftingen fremstår politisk motivert. Grafitti med pro-marokkansk og anti-Vest-Sahara-budskap er spraymalt på fortauet fremfor kontoret til den danske organisasjonen Global Aktion i København.
To nye nordmenn som skulle lære om Marokkos folkerettsstridige energiprosjekter i okkuperte Vest-Sahara, ble i ettermiddag anholdt av marokkansk politi og deportert fra territoriet.