Fredfull kamp må premierast
Article image
"Det er trist å konstatere at diplomatiet ikkje fremmar fred, at ferske fredsprisvinnarar gjer sitt til at ein okkupasjon kan halde fram", skriver Vegard Tjørhom, Oslo Senterungdom og styreleiar i RE:ACT. Leserinnlegg publisert i Vårt Land, 18. desember 2012.
Publisert 18. desember 2012


vartland_200.jpgDet tjue år sidan folket i Vest-Sahara (saharawiarane) starta fredlege forhandlingar om sjølvstende for landet sitt. Resultatet motiverer neppe andre okkuperte statar til å leggje ned våpna.

Dei mange forsøka på diplomatiske løysingar i Vest-Sahara har ikkje ført til noko endring i kvardagen for dei det gjeld. Og når EU sist veke satte seg ned for å forhandle med Marokko om fiskerettar utanfor den saharawiske kysten, samtsundes som dei mottok fredsprisen, så kan det verke som om Marokkos taktikk om å la tida lege alle sår faktisk fungerer.

Mur. Det globale samfunn ser ut til å vere nøgd så lenge det ikkje skjer krig og drap. Resultatet har blitt at det saharawiske folket har blitt buande i flyktningleirar i generasjonar, og Marokko har fått høve til å byggje ein 2.700 kilometer lang mur. Muren er fire gonger så lang som muren i Palestina, og langs muren strekker eit av verdas lengste minefelt seg.

Samstundes, på Gazastripa, riv diplomatane seg i håret. Kvifor kan ikkje berre Hamas leggje ned våpna og forhandla med okkupasjonsmakta, så hadde me kanskje funne ei løysing, spør diplomatane. Det kan godt vere palestinarane har sett til Vest-Sahara, og erfart at ingenting skjer utan krig og blod. Journalistane vil ikkje ha tamme overskrifter og bilete, og så lenge journalistane ikkje er interesserte, så er heller ikkje politikarane interesserte. Den triste fasiten blir at krig ser ut til å fungere vel så bra som diplomati.

Fallitt. Situasjonen for saharawierane må sjåast på som ein fallitterklæring for dei mange statane som hevdar at diplomatiet er eit godt verktøy for å skape fred, deriblant Noreg. Ved å la Vest-Sahara-konflikten bli liggjande i fleire tiår bidrar dei til å motbevise seg sjølv. Trass brei politisk semje om at Marokko sin okkupasjon må ta slutt, har ikkje den norske stat føretatt seg noko særleg for å bidra til løysing. Sveriges Riksdag vedtok onsdag førre veke at dei anerkjente Vest-Sahara som eit sjølvstendig land. Om den svenske mindretalsregjeringa følgjer opp, vil dei vere første europeiske stat som går til dette skrittet. Noreg og resten av den vestlege verda har på si side ikkje gjort særleg mykje anna enn å seie at «me likar det ikkje». Det er berre så synd at Marokko ikkje bryr seg om kva me seier.

Overgrep. Det er trist å konstatere at diplomatiet ikkje fremmar fred, at ferske fredsprisvinnarar gjer sitt til at ein okkupasjon kan halde fram, og at verda sit stille og ser på at stadige menneskerettslege overgrep ikkje vert slått ned på i Vest-Sahara. Saharawiarane driv verken med terror eller krig.

Noreg bør gå framfor og vise at det er muleg å vinne fram ved hjelp av fredelege midlar, og at det ikkje skal vere naudsynt med blod for å oppnå rettvise levetilhøve i verda vår. Utanriksminister Barth Eide må sjølv vise handling og bidra til å leggje press på Marokko, og deira allierte Frankrike, for å kome fram til ei løysing. Noreg må også ta eit standpunkt til om Vest-Sahara skal sjåast på som ein stat eller ikkje, og om ikkje noko av dette når fram bør ein økonomisk boikott av Marokko vurderast.



Nyheter

Kronikk: Intet nytt fra Vest-Sahara

Kronikk, VG, 4. juli 2021, av advokatfullmektig Tone Sørfonn Moe og professor Mads Andenæs.

09. juli 2021

FN-ekspert fordømmer overgrep mot saharawier

Marokko må slutte å gå til angrep på saharawiske menneskerettighetsaktivister og journalister, og la dem få arbeide uten å bli utsatt for gjengjeldelser, uttalte FNs spesialrapportør på menneskerettighetsforkjempere i dag. 

01. juli 2021

Derfor er åpenhetsloven viktig

Stortinget har vedtatt en ny lov som forplikter selskapene å fortelle om sine menneskerettighetsvurderinger. Støttekomiteen for Vest-Sahara forventer mer åpenhet fra bedriftene som bryter menneskerettighetene i Vest-Sahara.

16. juni 2021

Følg norsk podkast om Vest-Sahara

I april 2021 lanserte vi en podkast om Afrikas siste koloni - på norsk. 

11. mai 2021