Changemaker: Stans okkupasjonen av Vest-Sahara!
Article image
Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon krever norsk anerkjennelse av Vest-Sahara-republikken. Les resolusjon fra Changemakers årsmøte, 20-22. juni 2008.
Publisert 10. juli 2008


Stans okkupasjonen av Vest-Sahara!
Vest-Sahara har status som FNs siste uløste kolonispørsmål og blir ofte kalla Afrikas siste koloni. Landet vart frigjort frå spansk kolonistyre i 1975, men vart samme år okkupert av nabolandet Marokko. Etter ein langvarig krig mellom Marokko og den saharawiske frigjeringsrørsla Polisario måtte 160 000 menneske flykte frå Vest-Sahara. Desse har no budd i flyktningeleirar i Algerie i 30 år og er heilt avhengige av bistand frå EU og FN. Denne situasjonen er uholdbar og medfører grove brot på menneskerettane. Changemaker meiner at norske styresmakter bør auke det internasjonale fokuset på Marokko sine overgrep og arbeide for å få ein slutt på den ulovlege okkupasjonen.

Etter våpenkvila i 1991 har FN operasjonen Minurso hatt som mandat å gjennomføre ei folkeavstemning som følge av ein signert avtale mellom Marokko og Polisario. Ingen av forslaga FN har komme med har vorte aksepterte av Marokko. Samtidig støttar ikkje USA og Frankrike saharawiarane sitt krav om sjølvråderett, og det vert lagt lite internasjonalt press på Marokko. Å motarbeide ei folkeavstemning er i strid med folkeretten. Vest-Sahara er medlem av den Afrikanske Union og er anerkjent av cirka 70 land. Gjennom ei internasjonal anerkjenning får spørsmålet om Vest-Sahara aukt status.

Norsk næringsliv speler ei aukande rolle i konflikta ved at dei driv verksemd i det okkuperte området og utnyttar ressursar i Vest-Sahara. UD fraråder slik verksemd, men gjer ingen ting for å hindre det. Derfor er det opp til grasrota å rapportere kva norskeeigde selskap gjer. Norske bedrifter er med på å legitimere okkupasjonen ved å stjele ressursar frå Vest-Sahara og finansiere okkupasjonsmakta Marokko. Ressursutvinning i ikkje-sjølvstyrte område er i strid med FN-Pakten og FNs Havrettskonvensjon.

For å stanse okkupasjonen av Vest Sahara meiner Changemaker at:

-Norge bør anerkjenne den saharawiske demokratiske republikken og arbeide for at andre land også skal gjere det.

-Norge må legge press på Marokko for å gjennomføre ei folkeavstemning om sjølvråderett for Vest-Sahara slik FN har anbefalt sidan 1991.

-Norske selskap umiddelbart må trekke seg ut av Vest-Sahara.
Nyheter

Norsk rederi med ny gasstransport til okkuperte Vest-Sahara

Det norske rederiet BW Epic Kosan gjennomførte denne helgen en ny kontroversiell transport av gass inn til okkuperte Vest-Sahara.

10. mars 2025

Ungdomspartiene besøkte de saharawiske flyktningleirene

De norske ungdomsapartiene var i forrige uke på besøk i de saharawiske flyktningleirene i Algerie

08. februar 2025

Kontorene til vår danske søsterorganisasjon brannbombet

Brannstiftingen fremstår politisk motivert. Grafitti med pro-marokkansk og anti-Vest-Sahara-budskap er spraymalt på fortauet fremfor kontoret til den danske organisasjonen Global Aktion i København.

13. januar 2025

To nordmenn deporteres nå fra okkuperte Vest-Sahara

To nye nordmenn som skulle lære om Marokkos folkerettsstridige energiprosjekter i okkuperte Vest-Sahara, ble i ettermiddag anholdt av marokkansk politi og deportert fra territoriet.

04. november 2024