BT: Haustar vindruer og Afrika-kritikk
Article image
Den norske rederen Kristian Eidesviks frysebåter kan ha fraktet fisk fra okkuperte Vest-Sahara til det europeiske markedet. Handelen med marokkansk næringsliv i de okkuperte områdene frarådes av norsk UD. Eidesvik mener politikerne ikke vet hva de snakker om. Les BT fra 22. mai her.
Publisert 23. mai 2007


Haustar vindruer og Afrika-kritikk
Bergens Tidende 22.05.2007

Businessen til Kristian Eidesvik (61) går så det susar, bortsett frå vinfarmen i Italia.

- Vingarden er ikkje business, det har aldri vore meininga. Det går rundt, men først og fremst er det morosamt og lærerikt, seier bømlingen som driv sitt Caiano-konsern - oppkalla etter vingarden - frå Haugesund.

Shipping og eigedom - ikkje vin og oliven frå Toscana - er basisen i Eidesviks milliardforretning. No slepp han også neste generasjon til på eigarsida, skriv Haugesunds Avis. Toril (39), Bernt (37), Eivind (32) og Maria (27) har fått fordelt 49 prosent av aksjane likt mellom seg.

- Trappar ikkje ned
- Det betyr ikkje at eg trappar ned. Eg arbeider berre på ein annan måte, seier Kristian Eidesvik, som blant anna eig Wilson-reiarlaget (81 prosent), In-Ship og fleire hotell i Haugesund og Polen. Chianti-vinen, som han produserer over 20.000 flasker av årleg, er i sal både på Vinmonopolet og Eidesvik sine hotell.

Konsernet sysselset over 1900 menneske, og fekk eit overskot på 358 millionar kroner i 2006.

Eidesviks investering i fiskeriselskapet Sjøvik AS - som fiskar utanfor det marokkansk okkuperte Vest-Sahara - valdar 61-åringen framleis ingen store kvaler, trass politiske protestar.

- Politikarar snakkar
- Nei, dessverre. Eg har vore der nede ein gong, eg eig berre ein part i samarbeidsselskapet, som er registrert i Marokko. Eg har veldig godt samvit. Norske politikarar som snakkar om dette, har ikkje sett seg inn i forholda, seier Kristian Eidesvik, med fortid som Frp-politikar i Bømlo kommune og Hordaland fylkesting.

- Pengane går direkte til Marokko. Det er tjuveri av Vest-Sahara sine ressursar, har Aminatou Haidar (40), menneskerettsforkjempar frå Vest-Sahara uttalt til Bergens Tidende.

- Er Wilson-båtane engasjert i prosjektet?

- Nei, dei har i tilfelle berre vore innom for å frakta fisk til Europa eller andre marknader, seier Eidesvik.

VINPRODUSENT: Kristian Eidesvik produserer over 20.000 flasker Chianti-vin årleg. Den er i sal både på Vinmonopolet og Eidesvik sine hotell.
Nyheter

Ny rapport: Sertifiserte folkerettsbrudd

Internasjonale sertifiseringsstandarder dekker over Marokkos kontroversielle handel med fiskeri- og landbruksprodukter fra okkupert Vest-Sahara, dokumenterer ny rapport.

16. desember 2025

Nå: Skip ankommer Skretting på Averøy med last fra kontroversiell leverandør

Et fartøy med fiskemel ankommer i natt Averøy utenfor Kristiansund. Transporten åpner spørsmål om et hullete sertifiseringssystem. 

15. desember 2025

Ny rapport: Marokko grønnvasker okkupasjonen av Vest-Sahara

En ny rapport beskriver de massive - og dypt problematiske - prosjektene for fornybar energi som Marokko utvikler i okkuperte Vest-Sahara.

11. desember 2025

ASC trekker seg ut av okkupert Vest-Sahara

Sertifiseringsordningen avslutter samarbeidet med Azura Group og erklærer at ingen fremtidige sertifiseringer vil bli gitt til selskaper i det okkuperte territoriet.

05. desember 2025