Forsiden          Publikasjoner          Om Støttekomiteen          Støtt oss          Kontakt oss          Bli medlem av Støttekomiteen     









Artikkelarkiv 2017
Artikkelarkiv 2016
Artikkelarkiv 2015
Artikkelarkiv 2014
Artikkelarkiv 2013
Artikkelarkiv 2012
Artikkelarkiv 2011
Artikkelarkiv 2010
Artikkelarkiv 2009
Artikkelarkiv 2008
Artikkelarkiv 2007
Artikkelarkiv 2000-2006




Universitas: - Blir slått og torturert
rabab1_510.jpg

Marokkanske myndigheiter slår hardt ned på saharawiske studentar i frigjeringskamp. Universitas, 28. november 2007
Publisert: 28.11 - 2007 20:39Printerversjon    
Universitas,
28.november 2007
Av Tora Systad Tyssen og Ketil Blom (foto)

Sidan 1975 har Vest-Sahara vore ulovleg okkupert av Marokko, og saharawiske studentar har vore aktive i frigjeringskampen. Sidan studentopptøyar i mai har det marokkanske politiet og militæret trappa opp angrepa på og arrestasjonen av saharawiske studentdemonstrantar. Studentane har fått kjenne den marokkanske motstanden på kroppen.

rabab3_250.jpg- Ei venninne av meg mista auge etter å ha vorte slått hardt i ansiktet. Ein annan ven av meg fekk heile magen skjært opp av politiet, fortel Elkouria Amidane, ein saharawisk student og menneskerettsaktivist.

Ho er aktiv i menneskerettsorganisasjonen Codesa, som slåst for menneskerettar og saharawiane sin rett til sjølvbestemming, og har dei siste vekene vore i Noreg for å fortelje om overgrepa studentane er utsett for.

I mai i år skreiv Universitas at 45 norske organisasjonar hadde underskrive ein appell til dei marokkanske myndigheitene med oppfordring om å gjere slutt på overgrep og arrestasjonar av saharawiske studentar. Betring har diverre ikkje kome.

- Politiet slår, arresterar og torturerar oss kvar gong vi demonstrerar for sjølvstende for Vest-Sahara, fortalde Amidane då ho sist veke snakka til studentar ved Universitetet i Oslo (UiO), under eit arrangement i regi av Studentparlamentet og Støttekomiteen for Vest-Sahara.

- Mogleg enorm humanitær krise
Der er inga universitet på det vest-sahariske territoriet, så studentar må til Marokko for å utdanne seg. Der møter dei mykje motstand frå det marokkanske lærevesenet.

- Universitetslivet som saharawi er nærast umogleg. Vi vert utsett for diskriminering sidan vi er ein minoritet, og vi får ikkje ta masterutdanning. Lærarane ser berre på oss som bråkmakarar, seier Amidane.

Ho har sjølv fleire gongar opplevd å verte arrestert og slått.

Den sørafrikanske ambassadøren i Noreg, Ismail Coovadia, var og til stades ved arrangementet ved UiO. Han drog parallellar mellom kva som skjer i Vest-Sahara no, med kva som skjedde i Sør-Afrika tjue år attende. Han er ikkje i tvil om at saharawiane lir under den marokkanske okkupasjonen.

- Dette er ei mogleg enorm humanitær krise, understrekar han.

Sør-Afrika er eit av 84 land som anerkjenner Vest-Sahara som eige land. Dei norske myndigheitene ser den marokkanske anneksjonen som ulovleg, og det saharawiske territoriet som ikkje-sjølvstyrt.

rabab2_250.jpgNår betre ut i Marokko
Ronny Hansen, leiar i Støttekomiteen for Vest-Sahara, seier studentdemonstrasjonane i Marokko til dels har vorte frontlinja for den saharawiske sjølvstendekampen. I Marokko har demonstrantane større høve til å nå ut til vestlege media og ambassadar enn i dei okkuperte områda. Dei søkjer og å vekke engasjement hos den marokkanske befolkninga.

- Og dess lettare det er for demonstrantane å nå ut, dess viktigare vert det for dei marokkanske myndigheitene å slå ned på, trur Hansen.

På trass av all motstanden vel Rabab Amidane likevel å halde motet oppe.

- Eg er optimistisk. Vi skal greie å endre situasjonen, seier ho.

Medan Amidane har vore i Noreg har familien hennar heime i Vest-Sahara vorte arrestert av marokkanske myndigheiter. Ho fryktar at det og kjem til å skje med ho når ho landar.

- Men nokon er nøydd å ofre seg om vi skal kome nokon veg. Arrestert vert eg uansett, så då kan eg like godt verte det for å ha vore i Noreg og prøvd å spreie informasjon om saka vår, seier Amidane.

Den Marokkanske ambassaden ynskja ikkje å kommentere saka overfor Universitas.

universitas_510.jpg

    




NO  NO EN ES FR

Størstedelen av landet Vest-Sahara har vært okkupert av Marokko siden 1975. Siden da har flertallet av befolkningen bodd i flyktningleirer i Algerie. De som ble igjen i hjemlandet utsettes for alvorlige overgrep fra marokkanske okkupasjonsmyndigheter. I over 40 år har de ventet på at deres rett til selvbestemmelse skal innfris.




Registrer deg for vårt nyhetsbrev:




Støttekomiteen for Vest-Sahara, , - :
Bank: Kontonr 9857.05.48999 - Org.nr: 987 378 352 -