Forsiden          Publikasjoner          Om Støttekomiteen          Støtt oss          Kontakt oss          Bli medlem av Støttekomiteen     









Artikkelarkiv 2017
Artikkelarkiv 2016
Artikkelarkiv 2015
Artikkelarkiv 2014
Artikkelarkiv 2013
Artikkelarkiv 2012
Artikkelarkiv 2011
Artikkelarkiv 2010
Artikkelarkiv 2009
Artikkelarkiv 2008
Artikkelarkiv 2007
Artikkelarkiv 2000-2006





ARTIKKELARKIV 2007


Venstre: -Anerkjenn republikken!
sponheim_510.jpg

Venstres landsstyremøte vedtok 24.-25. februar 2007 et krav om at Norge, som første europeiske land, anerkjenner Vest-Sahara som en selvstendig stat.
Publisert: 01.03 - 2007 13:18Printerversjon    
Politisk uttalelse vedtatt av Venstres landsstyremøte 24.-25. februar 2007.

Gje sjølvstende til Afrika sin siste koloni

Venstre krev at Noreg, som første europeiske land, anerkjenner Vest-Sahara som sjølvstendig stat. I følgje FN sin komité for avkoloniseringssaker er Vest-Sahara den einaste kolonien att på det afrikanske kontinent.

Allereie i 1960 ytra Generalforsamling i FN at folket i dåverande Spansk Sahara hadde rett til sjølvstende. Men då spanjolane drog frå området i 1975, blei Vest-Sahara fort okkupert av Marokko. Den internasjonale domstolen i Haag avviste i oktober 1975 Marokko sitt territoriale krav på Vest-Sahara, eller Den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk (SADR) som det offisielle namnet er.

Fredsavtale
Ein fredsavtale frå 1991 mellom Marokko og Vest-Sahara sin motstandsrørsle Polisario, la klare føringar for korleis konflikten skulle løysast. Fredsavtalen innebar at innbyggjarane som haldt til i Vest-Sahara før okkupasjonen tok til, gjennom ei folkerøysting sjølv skulle få avgjere om området skulle bli ein sjølvstendig stat eller innlemmast i ein av nabostatane. Ein FN-operasjon blei satt inn for å førebu og gjennomføre folkerøystinga, men framleis, 15 år etter fredavtalen, har ei folkerøysting ennå ikkje funnet stad. Dette skuldast i hovudsak at Marokko sin viktige allierte, Frankrike, aktivt har motarbeida eitkvart forsøk i Tryggleiksrådet på å leggje press på marokkanske myndigheiter.

Trass i at FN ikkje har lukkast med å finne ei løysing på konflikten, har den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk (SADR) blitt anerkjend av eit 80-tals statar.

Brot på menneskerettane
I den delen av Vest-Sahara som i dag er okkupert av Marokko, blir menneskerettane brote på dageleg basis. Saharawiane opplever grove brot på ytrings-, organisasjons- og rørslefridomen i Vest-Sahara. Journalistar og redaktørar som har teke opp spørsmålet om sjølvstende har blitt fengsla. Opposisjonelle lærarar og statstilsette har blitt flytta frå heimstadane sine, nordover til Marokko. Og menneskerettsaktivi star har blitt fengsla utan rettferdige rettssaker.

Vest-Sahara har store førekomstar av fosfat og fisk, og sannsynlegvis og mykje olje utanfor kysten sin. Marokko har gjennom heile perioden ulovleg forsynt seg av Vest-Sahara sine rike naturressursar. I dei seinare åra har og norsk næringsliv blitt meir aktive i Vest-Sahara. Norsk fiskeriindustri er blant Marokko sine viktigaste samarbeidspartnarar , og i 2006 vart det starta opp nye norske kjempeprosjekt i dei okkuperte områda. Gjennom EFTA-samarbeidet har Noreg sidan 1999 hatt ein handelsavtale med Marokko som, i motsetnad til USA, ikkje presiserar at varer produsert av settlarar i Vest-Sahara ikkje kan definerast som marokkanske. Dermed kan varer produsert i det okkuperte Vest-Sahara tollfritt førast inn i Noreg.

Venstre krev:
• At Noreg anerkjenner den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk som sjølvstendig stat, og legg press på marokkanske og franske myndigheiter slik at saharawiane sitt legitime krav kan bli realitet.
• At Noreg pressar Marokko til å respektere saharawiane sin rett til organisasjons- , ytrings- og rørslefridom, og at alle samvitsfangar blir satt fri.
• At norske myndigheiter i samarbeid med dei andre EFTA-landa følgjer USA sitt døme, og krev at Marokko si tilslutningsavtale med EFTA ikkje kan omfatte varer som kjem frå Vest-Sahara.

    

Topp




NO  NO EN ES FR

Størstedelen av landet Vest-Sahara har vært okkupert av Marokko siden 1975. Siden da har flertallet av befolkningen bodd i flyktningleirer i Algerie. De som ble igjen i hjemlandet utsettes for alvorlige overgrep fra marokkanske okkupasjonsmyndigheter. I over 40 år har de ventet på at deres rett til selvbestemmelse skal innfris.




Registrer deg for vårt nyhetsbrev:




Støttekomiteen for Vest-Sahara, , - :
Bank: Kontonr 9857.05.48999 - Org.nr: 987 378 352 -