Velferdstinget ved UiO beordret Fugro-boikott
Article image
Da Fugro-Geoteam i fjor var representert på arbeidslivsdagene ved Universitetet i Oslo, ba Velferdstinget at karrieresentrene måtte unnlate å invitere Fugro-Geoteam til liknende arrangementer inntil de hadde beklaget sin involvering i okkuperte Vest-Sahara. Her er resolusjonen.
Publisert 25. januar 2010


Last ned teksten her.

Fråsegn frå Velferdstinget i Oslo

Vest-Sahara har sidan 1975 vore brutalt okkupert av nabolandet Marokko. Okkupasjonen er folkerettsstridig og har fleire gonger vorte fordømd av FN. Studentenes Fredspris gjekk i 2009 til studentaktivisten Elkouria Amidane for sitt arbeid for demokrati og menneskerettar for Sahrawiar i Marokko og Vest-Sahara. Amidane har fleire gonger oppmoda alle norske bedrifter til å avstå frå kommersiell verksemd på okkupert område. Norsk UD gjer også det same rådet. Det norske seismikkselskapet Fugro-Geoteam har dei siste månadene leita etter olje utanfor kysten av Vest-Sahara på oppdrag av den Marokkanske okkupasjonsmakta. Dette er i strid med UD sine retningslinjer og klassifisert som «aggressiv uthenting av ressursar» av FN.

I oktober 2009 var Fugro-Geoteam å finna på arbeidslivsdagane ved UiO. Dei oppmøtte var klar over situasjonen i Vest-Sahara, men var blitt nekta av leiinga si å uttala seg om anna enn rekruttering og karriere. Leiinga i Fugro-Geoteam har også ved fleire høve nekta all dialog om medverkinga deira til okkupasjonen.

Velferdstinget ber karrieresentra ved alle institusjonar tilknytt SiO avstå frå å invitera Fugro-Geoteam til liknande arrangement i framtida. Skulle Fugro-Geoteam koma med ei offentleg orsaking for si medverking til okkupasjonen, fell sjølvsagt dette kravet.

Velferdstinget ber karrieresentra utvikla etiske retningslinjer for kva verksemder dei vel å samarbeida med i framtida.

Velferdstinget forventar vidare at SiO fylgjer opp dette arbeidet.

Nyheter

To nordmenn deporteres nå fra okkuperte Vest-Sahara

To nye nordmenn som skulle lære om Marokkos folkerettsstridige energiprosjekter i okkuperte Vest-Sahara, ble i ettermiddag anholdt av marokkansk politi og deportert fra territoriet.

04. november 2024

Her deporteres nordmenn fra okkuperte Vest-Sahara - ville lære om fornybarenergi

25 marokkanske politifolk møtte opp i dag for å kaste to nordmenn ut av okkuperte Vest-Sahara. De to reiste for å lære hva saharawiene mener om Marokkos folkerettsstridige fornybarsatsning på okkupert land. 

02. november 2024

Green Reefers fra Haugesund hjelper russerne med å plyndre Vest-Sahara

Det norske rederiet Green Reefers leverte i forrige uke frossenfisk til Russland som er fanget i okkuperte Vest-Sahara i strid med folkeretten.

16. oktober 2024

Saharawiene vant over EU i EU-domstolen

En gigantisk seier for det saharawiske folk. Nå er det kroken på døren for EUs folkerettsstridige fiskeri- og handelsavtaler i okkuperte Vest-Sahara.

07. oktober 2024