Forsiden          Publikasjoner          Om Støttekomiteen          Støtt oss          Kontakt oss          Bli medlem av Støttekomiteen     









Artikkelarkiv 2017
Artikkelarkiv 2016
Artikkelarkiv 2015
Artikkelarkiv 2014
Artikkelarkiv 2013
Artikkelarkiv 2012
Artikkelarkiv 2011
Artikkelarkiv 2010
Artikkelarkiv 2009
Artikkelarkiv 2008
Artikkelarkiv 2007
Artikkelarkiv 2000-2006





ARTIKKELARKIV 2011


BT: Sådde spira til den arabiske våren
police_protest_camp_510.jpg

Kampen for et fritt Vest-Sahara kosta Sidi Mohammed Daddach 24 år bak murane. Lite tyder på at raftoprisvinnaren når fram med krava sine med det første. I Bergens Tidende, 23. oktober 2011.
Publisert: 23.10 - 2011 08:53Printerversjon    
Sådde spira til den arabiske våren

Av Eystein Røssum
23. oktober 2011
Bergens Tidende,


Kampen for et fritt Vest-Sahara kosta Sidi Mohammed Daddach 24 år bak murane. Lite tyder på at raftoprisvinnaren når fram med krava sine med det første.

Det stemmer ikkje at den arabiske våren begynte med at grønsakseljaren Mohammed Bouazizi i Tunisia sette fyr på seg i januar 2011, meiner førsteamanuensis Hans Morten Haugen ved Diakonhjemmet Høgskole.

Ifølgje han begynte den folkelege oppstanden i Midtausten nokre månader tidlegare. Og det skjedde ikkje i Tunisia, men i det marokkansk-okkuperte Vest-Sahara. I oktober 2010 begynte saharawiar, som folket i Vest-Sahara heiter, å slå opp telt i utkanten av hovudstaden Aaiún. Dei protesterte mot sosial og økonomisk urett, og mot den harde undertrykkinga dei blir utsett for av den marokkanske okkupasjonsmakta Leiren vaks raskt, etter nokre veker var mange tusen samla i den improviserte teltbyen. 8. november i fjor var det slutt. Marokkanske militære styrkar rykte inn med tåregass og batongar og rydda leiren. Telt vart brent, fleire vart drepne, mange hundre arrestert.

– Dette var den største folkelege protesten mot undertrykking i Midtausten på det tidspunktet, seier Haugen. Han er jurist og har forska på dei folkerettslege sidene ved okkupasjonen av Vest-Sahara. Også den amerikanske politiske tenkjaren Noam Chomsky har peikt på oppstanden i Vest-Sahara som den første i den arabiske våren.

Til forskjell frå i Tunisia, Egypt og Libya måtte ingen president pakke saman på grunn av teltprotesten. Marokkanske styresmakter lykkast med å slå ned oppstanden, okkupasjonen og den diplomatiske stillstanden held fram. Fint lite har endra seg sidan den saharawiske menneskerettsforkjemparen Sidi Mohammed Daddach fekk Raftoprisen for ni år sidan, i 2002.

Daddach hadde brukt meir enn halve livet bak murane då han vart sett fri i 2001. Han hadde sona i 24 år, 14 avdei på dødscelle. Han var den opposisjonelle saharawien
som hadde vore lengst fengsla, og eit symbol på kampen for eit fritt Vest-Sahara. I november kjem han igjen til Bergen, for å markere 25-årsjubileet for Raftoprisen.

Vest-Sahara var frå 1884 til 1975 eit spansk protektorat, kjent som Spansk Sahara. / Då Spania ga opp kolonien, invaderte Marokko og Mauritania. Mauritania trekte seg seinare ut att. / Frigjeringsrørsla Polisario erklærte Vest-Sahara som sjølvstendig republikk i 1976, men har berre kontroll over ein liten del av området. / Sidi Mohammed Daddach vart fødd i Vest-Sahara i 1957, i landsbyen guelta Zemmur. / Slutta seg til Polisario i 1973. Vart første gong arrestert av marokkanske styrkar i 1976. / Dømt til døden i 1980. Dommen omgjort til livstid i 1994. / Sett fri i 2001, etter sterkt press frå Amnesty og andre organisasjonar. / Lever i og arbeider framleis for menneskerettar i Vest-SaharaFormelt sett har Vest-Sahara status som eit «ikkjesjølvstyrt område». Den gamle kolonimakta Spania står som administrator – på papiret. I realiteten har Spania for lengst sagt frå seg denne oppgåva. Marokko rykte inn og tok kontrollen sist på 70-talet, og dei reknar Vest-Sahara som ein del av sitt territorium.

Væpna motstand frå den saharawiske frigjeringsrørsla Polisario førte ikkje fram. Marokko sikra seg kontrollen over dei ressursrike kystområda, medan Polisario kontrollerer den austlegaste fjerdedelen av Vest-Sahara. Langs grenselinja har Marokko etablert ein 2400 km lang mur, med store minefelt på begge sider. Ein stor del avfolket på ca. 500.000 lever i flyktningleirar i Algerie. FN har vedteke at folket i Vest- Sahara sjølve skal få bestemme kva status dei skal ha. Det er bestemt at det skal haldast ei folkerøysting for å få avgjort om Vest-Sahara skal bli ein sjølvstendig stat, eller om territoriet skal vere ein del av Marokko.

For 20 år sidan oppretta FN difor ein eigen FN-styrke: «Misjonen for organisering av folkerøysting i Vest-Sahara», MINURSO i fransk forkorting. MINURSO står der framleis, med eit par hundre soldatar og offiserar. Dei passar på at våpenkvila mellom Marokko og Polisario blir respektert. Folkeavrøystinga har det ikkje vorte noko av.

Usemje om kven som skal få delta og kva det skal spørjast om i folkerøystinga har kome i vegen. Marokko vil ikkje at fullt sjølvstende skal vere eit alternativ. Dei vil også at dei mange marokkanske nybyggjaranesom har busett seg i Vest-Sahara dei siste tiåra også skal få røysterett.

– Problemet er at okkupantane er så sterke. Saharawiane har berre folkeretten på si side, seier Erik Hagen, dagleg leiar i Støttekomiteen for Vest-Sahara.

Marokko har ikkje minst gode økonomiske grunnar for å halde på Vest-Sahara. Havet utanfor er rikt på fisk, det er håp om å finne olje og gass, og nokon av verdas rikaste fosfatførekomstar ligg her. Ei rekkje norske selskap har drive handel med råvarer frå Vest-Sahara. Paul-Christian Rieber trekte seg som NHO-president i 2010, etter mykje bråk rundt import av fiskeolje frå Vest-Sahara. Den norske regjeringa anerkjenner ikkje Vest-Sahara som ein del av Marokko, og frårår norsk handel med dette området.

Erik Hagen meiner det særleg er Spania og Frankrike som øydelegg for saharawianes
sjølvstendekamp.

– Begge desse landa støttar Marokko på alle baugar og kantar. Spania og Frankrike
får i praksis bestemme heile EUs politikk på dette feltet. Ingen andre EU-land ser seg
tent med å gå imot Frankrike og Spanias interesser, seier Hagen.

For Spanias del handlar detbåde om fiskerettar for spanske fiskarar, og om kamp mot ulovleg migrasjon og narkotikasmugling. Også i jakta på terroristar har Marokko vore ein nyttig alliert for Spania.

– Og den franske politiske eliten har sterke band til Marokko Frankrike har til og med blokkert for at FN-styrkane i Vest-Sahara skal få rapportere om brot på menneskerettane, seier Hagen.

Frå nabolanda i Afrika har saharawiane brei støtte. Den afrikanske unionen (AU) har anerkjent Vest-Sahara som eigen stat. Det same har afrikanske stormakter som Nigeria, Algerie og Sør-Afrika.

Arne Lynngård var leiar for priskomiteen då Daddach fekk Raftoprisen i 2002, og har sjølv besøkt Vest-Sahara.

– Daddach var ei klar røyst og eit viktig symbol for motstanden mot den marokkanske okkupasjonen. Det er han også i dag, sjølv om det dei siste åra også har kome til andre sterke leiarfigurar, seier Lynngård. Han har sjølv opplevdå bli kasta ut av Vest-Sahara, og har sett den marokkanske undertrykkinga på nært hald.

Dei siste åra har situasjonen vore meir eller mindre heilt fastlåst. Forsøk på forhandlingar mellom Polisario og Marokko har ikkje ført fram. Framleis bur ca 160.000 saharawiar i flyktningleirar i nabolandet Algerie. Andre prøver å føre kampen vidare frå inne i dei marokkanskokkuperte områda. Ein av dei er Sidi Mohammed Daddach. Då han fekk Raftoprisen i 2002, hadde han aldri vore utanlands. Han hadde heller ikkje sett mor si på 27 år.

Ho var 89 år gammal, og hadde flykta til Algerie i 1975, då Marokko invaderte. Sonen vart igjen for å kjempe, og hamna etter kvart på dødscelle. Iherdig innsats frå Raftostiftelsen gjorde at dei to fekk møte kvarandre i Bergen i samband med prisutdelinga i 2002. Etter tre dagar i Bergen skilde dei igjen lag: Daddach reiste attende til det okkuperte Vest-Sahara, mora drog attende til flyktningleiren i Algerie.


    

Topp




NO  NO EN ES FR

Størstedelen av landet Vest-Sahara har vært okkupert av Marokko siden 1975. Siden da har flertallet av befolkningen bodd i flyktningleirer i Algerie. De som ble igjen i hjemlandet utsettes for alvorlige overgrep fra marokkanske okkupasjonsmyndigheter. I over 40 år har de ventet på at deres rett til selvbestemmelse skal innfris.




Registrer deg for vårt nyhetsbrev:




Støttekomiteen for Vest-Sahara, , - :
Bank: Kontonr 9857.05.48999 - Org.nr: 987 378 352 -