Forsiden          Publikasjoner          Om Støttekomiteen          Støtt oss          Kontakt oss          Bli medlem av Støttekomiteen     









Artikkelarkiv 2017
Artikkelarkiv 2016
Artikkelarkiv 2015
Artikkelarkiv 2014
Artikkelarkiv 2013
Artikkelarkiv 2012
Artikkelarkiv 2011
Artikkelarkiv 2010
Artikkelarkiv 2009
Artikkelarkiv 2008
Artikkelarkiv 2007
Artikkelarkiv 2000-2006




EU, fisk ein annan stad!
Vest-Sahara har vore okkupert av Marokko sidan 1975. Likevel betalar EU Marokko for å få tilgang på saharawiske fiskebankar. Av Sigrid Z. Heiberg, leiar i Ungdom mot EU, i Ny Tid, 27. november 2009
Publisert: 03.12 - 2009 09:32Printerversjon    
Av Sigrid Z. Heiberg,
leiar i Ungdom mot EU,
Ny Tid,
27. november 2009
Last ned i pdf her.

Vest-Sahara. Den 6. november blei det oppretta ein internasjonal kampanje for å få EU til å trekke sine fiskefarty ut frå havområde utanfor det okkuperte
Vest-Sahara.

Historia til dette landet er både urettferdig og trist. Etter å ha vore ein fransk koloni sidan 1700-talet, blei territoriet etter Berlin-konferansen i 1884 overtekeav Spania. Befolkninga dreiv væpna motstand både mot franskmennene og spanjolane, og i 1973 blei dagens frigjeringsrørsle Polisario stifta. Etter harde kampar og sterkt internasjonalt press om at området skulle avkoloniserast, byrja Spania i 1974 prosessen med å gi folket makt over eige land.

Denne prosessen fekk ein brå stopp i 1975, då Marokko gjekk inn og okkuperte store delar av landet. Nokre år seinare var heile området okkupert av Marokko. Svært mange saharawarar blei tvungne på flukt, og framleis lev fleirtalet av dei i flyktningleirar i Algerie.

Motstandsrørsla Polisario kjempa ein lang og blodig geriljakrig mot dei nye okkupantane. Ikkje før i 1991 blei det inngått ein våpenkvileavtale. Ein del av denne avtalen gjekk ut på at det skulle gjennomførast folkerøysting året etter, der lokalbefolkninga sjølve skulle få avgjere om dei ønska at området skulle bli sjølvstendig, eller innlemmast i Marokko. Trass i semje om at røystinga skulle gjennomførast, har Marokko nekta i 17 år.

I dag gjer både Marokko og Polisario krav på området. Sidan landet aldri blei sjølvstendig etter spansk koloniherredøme, handsamar FN i dag Vest-Sahara som det siste uløyste kolonispørsmålet i Afrika.

Gjennom landet går det ein over 2000 kilometer lang mur gjennom Vest-Sahara, som delar territoriet i to. Folk i den okkuperte delen av landet kan difor ikkje komme i kontakt med resten av saharawariane i flyktningleirane i Algerie.

Eksilregjeringa i Algerie har utropt området til å vere Den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk, og landet har blitt anerkjend av over 70 statar. Vest-Sahara er medlem av den Afrikanske Union.

Som om det ikkje var nok at landet er ulovleg okkupert, har EU i mange år hatt fiskeriavtalar med Marokko om å fiske utanfor kysten av Vest-Sahara. Fattige kystfiskarar har mista livsgrunnlaget fullstendig.

Utbyttinga av landet når nye høgder kvar dag!Ungdom mot EU har slutta seg til den internasjonale kampanjen «Fish Elsewhere». Kampanjen krev at EU-kommisjonen sluttar å gi lisensar til europeiske farty som fiskar utanfor kysten av Vest Sahara,
og at det ikkje finn stad noko meir EU-fiske der før konflikten har fått ei fredeleg løysing.

Det er Western Sahara Resource Group som har teke initiativ til kampanjen. WSRB er ein internasjonal organisasjon som er representert i 35 land, og som jobbar for å skape merksemd rundt utbyttinga av naturressursar i det okkuperte Vest-Sahara.

EU brukar skattepengar til å betale regjeringa i Marokko, slik at EU sin fiskeindustri kan få tilgong på havområde utanfor eit ulovleg okkupert område. Dette er fundamentalt uetisk, meiner WSRW.

Det er øydeleggjande for FN sin innsats for å avkolonialisere Vest-Sahara og fører til ei forlenging av lidingane til det saharawiske folket, meiner Sara Eyckmans i WSRW.

EU-kommisjonen har hevda at fiskeaktiviteten deira er lovleg ifølge ein rapport frå FN. Dette avviser forfattaren av denne rapporten, tidlegare FN-sekretær for lovsaker, Hans Corell. Han reagerer sterkt på at EU-toppane prøver å rettferdiggjere sin ulovlege praksis ved å misbruke analysen hans.

Ungdom mot EU oppfordrar både enkeltpersonar og organisasjonar til å skrive under på oppropet på www.fishelsewhere.eu.

    




NO  NO EN ES FR

Størstedelen av landet Vest-Sahara har vært okkupert av Marokko siden 1975. Siden da har flertallet av befolkningen bodd i flyktningleirer i Algerie. De som ble igjen i hjemlandet utsettes for alvorlige overgrep fra marokkanske okkupasjonsmyndigheter. I over 40 år har de ventet på at deres rett til selvbestemmelse skal innfris.




Registrer deg for vårt nyhetsbrev:




Støttekomiteen for Vest-Sahara, , - :
Bank: Kontonr 9857.05.48999 - Org.nr: 987 378 352 -