Senterungdommen krever at Regjeringen griper inn for å stanse norsk fiskeriindustri i okkuperte Vest-Sahara
-Hent tjuvane heim!Senterungdommen
3. juni 2009
Flyktningar frå Vest-Sahara skuldar no det norske selskapet Sjøvikgruppen for sjørøveri og vil ha selskapet vekk frå saharawiske farvatn. Senterungdomen støttar kravet etter som Sjøvikgruppen har inngått kontaktar med Marokko, som stikk i strid med folkeretten okkuperer Vest-Sahara.
Heilt forkasteleg. Regjeringa må sporenstreks gripe inn, seier internasjonal leiar i Senterungdomen, Marianne Granheim Trøyflat.
FN-domstolen har slått fast at Marokko ikkje har historiske krav på Vest-Sahara.
Dermed bryt Marokko med viten og vilje folkeretten ved å inngå avtalar med utanlandske selskap om resurssutnytting i dei okkuperte områda. Senterungdomen krev at regjeringa anerkjenner den Saharawiske republikken og sporenstreks fordømer Marokko for ressurstjuveriet.
Den samanlikninga Sjøvik-gruppen tidlegare har gjort mellom saharawiane og dei norske samane er heilt absurd. Noreg har ansvar for at folkeretten blir respektert, og må derfor slå hardt ned på norsker selskap som bidreg til at denne blir broten, seier Trøyflat.